GJEVRE, ODDE & VÅRDAL @ WIESE
Storgata 31, Lillehammer, , 2609 Lillehammer Directions
Tue 01.09.2026 20:00
GJEVRE, ODDE & VÅRDAL – PÅ WIESE
Tirsdag 1.september
Tre av dei fremste folkemusikarane i landet møtest på scena når Gjevre, Odde & Vårdal kjem til Wiese!
Trioen består av Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal – tre røynde spelemenn med base i Gudbrandsdalen og med djupe røter i norsk folkemusikk. Sidan dei byrja å spele saman i 2017, har dei utvikla eit heilt eige uttrykk i skjeringspunktet mellom tradisjon, improvisasjon og nyskaping.
Besetninga med hardingfele, toradar og akkordion er både uvanleg og særmerkt. Toradaren tek ofte den melodiske føringa, medan akkordionet og hardingfela byggjer ut musikken med rytmikk, klangar, motstemmer og improvisasjon. Resultatet er eit leikent, energisk og intenst samspel – med musikk som både er solid planta i tradisjonen og full av fridom.
Repertoaret spenner frå tradisjonelle slåttar og runddansmusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres til trioen sine eigne komposisjonar. Dei tek vare på det tradisjonelle melodimaterialet, men utfordrar samstundes formene gjennom nye arrangement, improvisasjon og dei mange klangmoglegheitene i den spesielle instrumentsamansetjinga.
Og det manglar ikkje på merittar:
Inge Gjevre er oppvaksen i Vågå og busett på Lillehammer. Han er ein av dei mestvinnande utøvarane i norske folkemusikkonkurransar og ein meister på både toradar og trekkspel.
Mads Erik Odde, frå Garmo i Lom, har mastergrad frå Noregs musikkhøgskole og er ein ettertrakta musikar, komponist og pedagog. Han har mellom anna vunne Spellemannprisen for albumet Logne slåttar.
Vegar Vårdal, busett i Vågå, er spelemann, komponist, arrangør og folkedansar, og vart kåra til Årets folkemusikar i Noreg i 2020.
Trioen sitt debutalbum Husklugumt vann Folkelarmprisen i 2020. I 2023 følgde dei opp med Vandring, og no er trioen aktuelle med sitt tredje og heilt ferske album, «Horisont». Publikum på Wiese kan vente seg mykje nytt materiale frå den nye plata.
På konsertscena kjem musikken verkeleg til sin rett. Gjevre, Odde & Vårdal elskar å løfte både slåttespelet og runddansen inn i konsertformatet – med tett kommunikasjon, stor speleglede og til tider intenst samspel mellom hardingfele, trekkspel og toradar.
Konserten blir halden på intimscena vår i 2. etasje på Wiese, ei ramme som passar denne musikken særs godt og gir publikum høve til å kome tett på både musikarane og samspelet. Intimscena har avgrensa kapasitet, og det vil derfor vere eit avgrensa tal billettar til konserten.
Dette blir ein kveld på Wiese med folkemusikk som både tek vare på røtene og vågar å dra i nye retningar – og med mykje fersk musikk frå Horisont:
«Horisont»
Folkemusikktrioen Gjevre, Odde & Vårdal slepp sumaren 2026 si tredje plate «Horisont». Med sprelske og lyriske versjonar av lyarslåttar, hallingar, springleikje og runddansar. Delvis gamle skattar av leikje frå tradisjonen i Vågå og delvis nykomponerte leikje.
Vegard Vårdal vart i 2020 krona Årets folkemusikar i Norge. Mads Erik Odde vann same år spelemannsprisen for si plate Logne slåttar. Samen med mange gonger norgesmeister i folkemusikk Inge Gjevre, vann trioen si fyrste plate «Husklugumt» Folkelarmprisen i 2020. Trioen elskar å ta både slåttespelet og runddansen opp på konsertscena i til dels intense samspel mellom hardingfele, trekkspel og durspel. Velkome på konsert!
🎟https://tikkio.com/events/65345
https://www.folkemusikk.no/nyheter/2026-07-08-gjevre-odde--vardal-slepper-nytt-album-pa-hilme-stemnet?fbclid=IwY2xjawTkER1wZG9mAWV4dG4DYWVtAjExAGJyaWQRMXBVcGhtSERCbzdSNUtkWjNzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEegxpCb6fO-Igt_E98vfsH0xlVzCoZinajWpFwfMQGd6jWtWkoHWpDGVoa2VI_aem_hUTkc5vHSMUegwTgyE5Kvw
Performers
-
WIESELillehammer’s nye utested for hygge, kultur og livemusikk. Velkommen inn!
https://www.wiesegaarden.no/
De fleste av våre billetter finner man på:
https://tikkio.com/organizer/24347-wiese